Ein sykkelhjelm skal tola vestlandsvêr
– Med jamleg bruk vil hjelmen bli utsett for slitasje. Sykkelhjelmar er laga av materiale som isopor og plast. Slike material blir slitne ned, og ikkje berre av direkte skadar. – Ein sykkelhjelm skal tola alt av vestlandsvêr over tid, inkludert regn og sol. Det vil gradvis slita på og krevja at ein byter hjelm. Det er viktig at du undersøkjer hjelmen ofte, for å sjå etter større eller mindre skadar. Legg det inn som ein del av vedlikehaldsvanane dine, seier Nestås. Trygg Trafikk tilrår at ein bør byta ut hjelmar som er eldre enn sju år.
Kjøp ny sykkelhjelm om du er i tvil
– Ein hjelm som har fått sprekker eller har vore utsett for eit kraftig støyt, skal alltid skiftast ut. Det gjeld òg om skadane ikkje er store eller enkle å sjå med det blotte auga. – Ei djup ripe kan vera nok til at hjelmen ikkje vernar deg slik han skal i ei ulykke. Det er betre å vera på den sikre sida, byt derfor hjelm om du er i tvil, seier regionleiaren.
Born veks ut av sykkelhjelmen
– For born bør sykkelhjelmen bytast endå oftare. Born veks snøgt, og det gjeld også hovudet. Sykkelhjelmen skal dekka panne, isse, tinningar og bakhovud. – For å fungera som tiltenkt, må hjelmen sitja rett på hovudet. Slik sett er ein hjelm som klede for born: Kjøp nytt etter kvart som borna veks, poengterer Nestås. Han viser òg til Trygg Trafikk sine fire tips til vedlikehald og bruk av sykkelhjelm:
- Sjekk produksjonsdato når du kjøper hjelmen.
- Undersøk hjelmen jamleg.
- Byt alltid ut ein hjelm som har fått kraftige støyt, synlege skadar eller har vore utsett for ei ulykke.
- Kjøp ny hjelm om du er i tvil. Det er ei billeg forsikring.